Søk på stikkord

Straum eller ved?

Lurar du på kva som er billegast til oppvarming, straum eller ved?

Her får du nokre tips som kan hjelpe deg til å lage eit godt samanlikningsgrunnlag.

Kor mykje er ei famn?
Når vi reknar ut prisen for vedfyring, tar vi utgangspunkt i ei famn med ved. Famna er nærmare definert som ein vedstabel med utvendige mål 4 m * 1 m * 0,6 m.

Omrekna i sekkar, blir det omlag 30 sekkar på 80 liter, eller 40 sekkar på 60-liter.

Energiinnhald i forskjellige treslag

Gran 2750 kWh/famn
Furu 3000 kWh/famn
Bjørk 3450 kWh/famn
Lønn/Rogn 3550 kWh/famn

Vi går her ut frå energiinnhaldet i veden ved 15 % fuktigheit. Har du heil tørr ved, vil energiinnhaldet vere omlag 25 % høgare.

Får vi utnytta all energien i veden?
Dette kjem an på kor god omn du har. Dersom du nyttar ein vanleg open peis, vil han berre utnytte 10 - 15 % av energien som finst i veden. Med ein moderne vedomn, kan du utnytte heilt opp mot 85 % av energien.

Det er vanleg å rekne med ein virkingsgrad på 70 %, når ein skal rekne økonomisk lønsemd på vedfyring.

Reknedøme
Du kjøper ei famn med bjørkeved for 1500 kroner frå ein gardbrukar. Dette skal du fyre i ein vedomn med normal god energiutnytting. Prisen pr. kilowattime blir då:

1500 kr / (3450 kWh * 70 %) = 0,62 kr/kWh

Du kjøper nokre 80 liters-sekkar med blandingsved på ein bensinstasjon. sekkane kostar 60 kroner/stk. Dette skal du fyre i ein vedomn med normal god energiutnytting. Prisen pr. kilowattime blir då:

(60 kr * 30) / (3000 kWh * 70 %) = 0,86 kr/kWh

Finn prisen sjølv
Ved hjelp av desse opplysningane, og ein kalkulator, kan du rekne deg fram til ein meir nøyaktig kilowattimepris frå din lokale vedleverandør.

Det rimelegaste er sjølvsagt å hogge ved i eigen skog, men det er diverre ikkje alle forunt.

Annonse:

_______________________________________________

Nettansvarlig: Gaute Øvereng

Enøk-senteret Møre og Romsdal AS, Hovdebygda, 6150 Ørsta
Tlf. 700 60 000

Copyright 2003-2006 Enøk-senteret AS