Søk på stikkord

Varmepumpe i ny enebolig - 170 m2

Dette er kun døme på varmepumpeprosjekt. Ta kontakt med Enøk-senteret for å få meir nøyaktige reknestykke for din bustad.

Vi har her rekna med ein energipris på 60 øre/kWh og 7 % rente på inntening.

1. Varme frå uteluft og vassboren varme*

Investering

Årleg spart

Innteningstid

Varmepumpe luft/vatn

kr. 27 500

kr. 4020

10 år

Kommentar:
I vårt område (nordvestlandet) er temperaturtilhøva gode for varmepumper som hentar varmen frå utelufta. Desse vil gi deg varme heilt ned til -10 grader. Difor er det særs få dagar i året du ikkje kan nytte deg av denne varmepumpa.

2. Varme frå uteluft og luftboren varme

Investering

Årleg spart

Innteningstid

Varmepumpe luft/luft

kr. 18 500

kr. 3000

8,5 år

Kommentar:
Ei luft/luft-varmepumpe kostar omlag 24 500 kroner, men vi har her trukke frå den investeringa du slepp ved å velje ei slik løysing framfor elektriske panelomnar med nattsenking (omlag 6000 kr). Reknar du inntening på heile varmepumpekostnaden, vil den vere 12,5 år.

I ein ny einebustad vil omlag 45 % av energirekninga gå til oppvarming, medan det for eit eldre hus vil vere over 60 %.

* Vassboren varme vil koste omlag 50 000 meir enn elektrisk oppvarming i bustaden. Da har ein rekna med vassboren golvvarme med individuell temperaturregulering i kvart rom, og varmtvasstank. Ein rekner ikkje med denne investeringa i utrekning av innteningstid.

< forrige | neste >

Annonse:

_______________________________________________

Nettansvarlig: Gaute Øvereng

Enøk-senteret Møre og Romsdal AS, Hovdebygda, 6150 Ørsta
Tlf. 700 60 000

Copyright 2003-2006 Enøk-senteret AS