Søk på stikkord

Sikrare investering i varmepumpe

Når ein skal investere i varmepumpe kan det vere vanskeleg å velje leverandør og installatør, fordi her er mange forskjellige aktørar i marknaden. Vi tilrår at ein nyttar seg av firma som har kompetanse innan dette området for at ein skal få eit optimalt anlegg. Nedanfor er det sett opp ei liste over godkjenningar og frivillige ordningar som viser at firma og personar har kompetanse og erfaring innan varmepumpefaget, i større eller mindre grad.

Sjå etter:

  • Firma med: Sentral godkjenning for kjøle-, fryse- og varmepumpeanlegg
  • Firma med: Telfo godkjenning for kulde- og varmepumpeentreprenørar
  • Firma/personar med: Meisterbrev innan kjøle- og fryseanlegg
  • Personar/firma med: Bestått sertifiseringskurs for varmepumpeordninga

< forrige |

Annonse:

_______________________________________________

Nettansvarlig: Gaute Øvereng

Enøk-senteret Møre og Romsdal AS, Hovdebygda, 6150 Ørsta
Tlf. 700 60 000

Copyright 2003-2006 Enøk-senteret AS